A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Eigedomsskatt Årdal kommune - 10-års taksering

Årdal kommmune skal gjennomføre 10-års taksering for utskriving av eigedomsskatt frå skatteåret 2012.

Eigedomsskattetakstkontoret har starta arbeidet med ajourføring av grunnlagsdata på kvar einskild eigedom.
Det skal gjennomførast synfaring på alle eigedommane, og oppstart vert medio juni 2011. I framkant av desse synfaringane vil eigarane få tilsendt grunnlagsdata. Før årsskiftet 2011/2012 vil eigarane få tilsendt nye takstar for utskriving av eigedomsskatt for 2012.

I tillegg til taksering av bustadar og forretningseigedommar skal det gjennomførast taksering av alle hytter/fritidseigedommar i kommunen. Det er ikkje teke stilling til om det skal skrivast ut eigedomsskatt på hytter/fritidseigedommar. Dette vert gjort i samband med handsaminga av budsjett 2012 for Årdal kommune.

Tips ein ven Skriv ut