A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

God aktivitet i Årdal kommunale bedriftsidrettslag

Det er framleis god aktivitet i ÅKBIL. Økonomien i laget er god. Frå 2011 er det innført støttemedlemsskap i laget. Medlemskontigenten er ei god inntektskilde, og dei har samarbeid med andre verksemder som gjer at laget får midlar frå folkehelsepartnarskapen.

Innebandy med sirkeltrening og ”Kjellfridtrimmen” er dei mest populære aktivitetane.

Juleturneringa i innebandy er etter kvart vorte svært populær skriv ÅKBIL i årsmeldinga si. Innsatsen er på topp og deltakarane blir premierte med peparkakemedaljar og diplom.

3 år på rad har dei stilt med lag til Holmenkollstafetten, og det er noko som dei også i 2011 har tenkt å få til.

Tips ein ven Skriv ut