A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal er førebels isolert frå omverda

Årdal er no isolert av ras og fare for ras.

FV 53 - mellom Naddvik og Årdalstangen er stengt grunna ras. Vegvesenet er på plass med utstyr og avventar situasjon til det lysnar. Det blir da gjort vurdering om rydding og opning.

FV53 Årdal - Tyin er stengt grunna fare for ras. Her arbeider dei med å få opne vegen.

I tillegg er vegen mellom Seimsdalen og Ofredal (Offerdalsvegen) midlertidig stengt. Her gjekk det eit lite ras i går kveld og det har vore fare for nye ras. Det vert gjort ei vurdering av vegen når det lysnar.

Tips ein ven Skriv ut