A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kirsten Larsen er Årets Årdøl

Prisen for Årets Årdøl vart delt ut i samband med siste møtet i kommunestyret før jul.
  • 1

I reglane for tildeling av prisen Årets Årdøl kan ein lese følgjande:

• Prisen vert tildelt personar som har lagt ned ein stor innsats i lagsarbeidet, for å drive laget godt, for å engasjere flest mogleg i lagsaktivitet og skape eit godt miljø
• Personar som har lagt ned eit stort arbeid til beste for barn og ungdom og dannar førebilete for andre
• Personar som er særskild hjelpsame, og som viser omtanke for medmenneske

Desse kriteria skulle ein nesten tru var laga med tanke på Årets Årdøl. Ho fyller dei til gagns og har gjort det i ein mannsalder. Ho begynte som spelar på Jotun sitt første damelag i 1947, og gjekk etter mange år som aktiv over i støtteapparatet. Ho har vore, og er, eit ja- menneske i ordet si aller beste tyding, har teke på seg utallige oppgåver og utført dei til punkt og prikke. Dei som har gleda av å jobbe saman med henne, seier at ho er systematisk og ryddig, pliktoppfyllande og på alle måtar til å lita på.

Om ho ikkje er av dei som har stukke seg mest fram, er ho heller ikkje redd for å ta på seg ansvarsfulle oppgåver, som ansvar for rekneskap i aldersbestemte kampar og hovudansvar for den årlege handballbasaren. Ho er den som organiserer alt som skal gjerast rundt Jotun sine heimekampar, som billett- og kiosksal, dommaroppgjer og kakebaking.

Det som kanskje imponerer mest når ein tenkjer på lista over kva Årets Årdøl har gjort av dugnadsarbeid, er at ho har halde på så lenge. I vår travle tid, der mange har nok med seg og sitt, står det utruleg stor respekt av eit menneske som har gjort ein slik innsats for andre gjennom så mange år. Ikkje utan grunn er ho føreslege av tre ulike forslagsstillarar som Årets Årdøl berre dette året. Ein av dei formulerer seg slik: ”..ho representerer limet i lokalsamfunnet.”

Utan positive og engasjerte menneske som Årets Årdøl, hadde det vore umogleg å drive ein organisasjon som Jotun handball på frivillig basis. Ho representerer det beste i den typiske årdølen; dugnadsanda, som er heilt naudsynt for å dra eit lokalsamfunn i ei god retning. Med sitt blide og inkluderande vesen inspirerer ho også andre til å ta eit tak i ein organisasjon som er viktig for både barn, unge og vaksne i bygda, og for Årdal sitt omdøme utad.

Me gratulerer Kirsten med tildelinga!

 

Tips ein ven Skriv ut