A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Innebandyturneringa til ÅKBIL

Den årlege juleturneringa i innebandy vart torsdag 09.12.2010 avvikla i gymsalen på Farnes skule.
  • 1
  • 2

Dette var fjerde året på rad, og ein svært oppglødd lagsleiar, Inge Moen, meiner no bestemt at dette kan kallast tradisjon.

5 lag stilte til start, og innsatsen var 100% frå første sekund. Her sprutar sveitten i kampen om julas gjevaste trofe. Pepparkaka med NR 1 på, i raud snor rundt halsen.

Ei stor stund for dei premierte å få oppleve seremonien med utdeling av pepparkaemedaljane, for det svært kort veg mellom første og siste plass i intense 5 minutts kampar.

Rykte går om mykje skader i denne idretten, men dette vert tilbakevist av ÅKBIL som har ein svært positiv skadestatistikk å vise til dei fire åra ein har hatt dette tilbodet.

Sveitte, og tårer, men lite blod til no.

Sporten er så populær, at styret i ÅKBIL no vurderer å utvide tilbodet med enno ein treningsdag i 2011.

Tips ein ven Skriv ut