A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal får 1 million kroner i tilskot til KOLS-prosjekt

Då helse- og omsorgsministeren vitja Årdal tidlegare i år, sa ho at ho var kjend med at det var relativt mange med diagnosen KOLS i Årdal. Ho gav uttrykk for at departementet ville sjå velvilleg på ein søknad frå Årdal kommune om midlar til eit prosjekt som hadde menneske med diagnosen KOLS som målgruppe.

Etter samråd med kommunalt helsepersonell vart det sendt søknad om midlar til eit prosjekt som skal gå i 3 fasar. Samla søknadssum var på 2.155.000 kr. Kommunen har no fått innvilga ei tilskot på 1,0 mill. kr. I tilsagnsbrevet står det at kommunen må sende ny søknad om samhandlingsmidlar i 2011.

 For meir informasjon kontakt: Kommunalsjef Svein Kåre Senneset

Tips ein ven Skriv ut