A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Jubileumsbok om Årdal

Det er no høve til å kjøpe jubileumsboka "Årdal - kamp, krefter og kunnskap" på Tenestetorget.
  • 1

I 2010 er det 150 år sidan Årdal blei eigen kommune. Denne boka fortel om kampar for å sikra lokalsamfunnet sine interesser gjennom desse åra, om årdølene sine politiske krefter, og om korleis kunnskap har prega utviklinga av industrisamfunnet. Bruken av vasskraft til industrielle føremål i lokalsamfunnet blei ei hovudsak for kommunen – ei sak som enno er aktuell.

På 1800-talet handla politikken om å stå på eigne bein. Ny kyrkje blei bygd. Skulane trong nye hus. Mange årdøler blei deltakarar i demokratiske prosessar gjennom det lokale sjølvstyret. Nytida i Årdal kom med utbygginga av Tyinvassdraget tidleg på 1900-talet. Bruken av vasskraft til industrielle føremål i lokalsamfunnet blei ei hovudsak for kommunen – ei sak som enno er aktuell. Rundt fabrikkane voks det fram eit levande samfunn, og Årdal kommune blei ein garantist for gode velferdstilbod.

Forfattarar: Steinar Lægreid, Oddvar Natvik, Johs. B. Thue, Aage Engesæter

Boka er å få kjøpt på Tenestetorget, Rådhuset og Skrivargarden i Øvre Årdal.

Pris: kr. 368,00

 

Tips ein ven Skriv ut