A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets Årdøl og Kulturvernprisen 2010

Tildeling av pris til Årets Årdøl skjer i samsvar med fylgjande reglar.

Prisen til årets Årdøl vert tildelt:
 
1.  Personar/grupper som har lagt ned ein stor innsats i lagsarbeidet, for å driva laget godt, og for å engasjere flest mogleg i lagsaktivitet og skape eit godt miljø i lagsområdet.
2.  Personar/grupper som har brukt mykje av fritida si til instruksjonsarbeid i idrettslag, ungdomslag, song og musikk o.l.
3.  Personar/grupper som har lagt ned eit stort arbeid til beste for born og ungdom og dannar førebilete for andre.
4.  Personar/lag som har brukt mykje av tida si til å fremja kunstnarleg skaping.
5.  Personar som er særskilt hjelpsame, og som viser omtanke for medmenneske.
 
Prisen er på kr 5.000,-
Grunngjeve framlegg må vera tenesteområde kultur i hende innan 20. november 2010 til postmottak@ardal.kommune.no
 
 
------------------------------
 
 
Tildeling av kulturvernprisen skjer i samsvar med fylgjande reglar:
 
1.  Bygningsvern, restaurering/bevaring, veltilpassa nybygg/tilbygg, byggeskikk
2.  Nærmiljøtiltak, beplantning, hage/park, vegar/bruer/brygger osv.
3.  Bevaring av tekniske innretningar, båtar/bilar osv., landbruksreiskap, anleggsreiskap, tekniske anlegg
4.  Miljøtiltak, tiltak, undersøking/forsking på lokale forhold i naturen, dyre- og plantelivet.
                  
Prisen er på kr 5.000,-.
Grunngjeve framlegg må vera tenesteområde kultur i hende innan 20. november 2010 til postmottak@ardal.kommune.no
 
 
 
Tips ein ven Skriv ut