A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Helsehuset, Øvre Årdal

Dokumenta ligg ute til offentleg ettersyn til 06.12.10

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vedtok formannskapet i sak 110/10 den 19.10.10 at Detaljreguleringsplan for Helsehuset, Øvre Årdal blir lagt ut til offentleg ettersyn.

Helsehuset i Øvre Årdal (Gbnr 16/178) ligg på torget i krysset mellom Jotunvegen og Farnesvegen.

Formålet med reguleringsendringa er hovudsakleg å utvide reguleringsformålet anna offentleg tenestyting til å omfatte eit tilbygg til Helsehuset for å få plass til nye funksjonar i samband med samlokalisering av helsetenester i Årdal kommune.

Dokumenta ligg ute til offentleg ettersyn på rådhuset på Årdalstangen og på biblioteket i Øvre Årdal i perioden 23.10.10-06.12.10.

Moglege merknader til planframlegget kan sendast skriftleg til Årdal kommune, Postboks 40, 6881 Årdalstangen eller til postmottak@ardal.kommune.no innan 06.12.10.

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for helsehuset

Planomtale med føresegner - detaljreguleringsplan

Reguleringsendring for farnes helsehus

Tips ein ven Skriv ut