A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Klar tale frå Årdal kommunestyre

Årdal kommunestyre går i mot ei nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukhus. Tilbodet til fødande må oppretthaldast på nivå med det ein har i dag.

Årdal kommunestyre har på møte 30.09.10 vedteke slik uttale:

Årdal kommunestyre går i mot ei nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukhus. Tilbodet til fødande må oppretthaldast på nivå med det ein har i dag.
 
1.      I høyringsuttale til ”Helse Førde sin strategiplan 2010 – 2020” uttalte Årdal kommunestyre på møte 15.04.10 m.a. følgjande:
 
”Omgjering av Lærdal sjukehus til lokalmedisinsk senter, fjerning av akuttfunksjonar og fødetilbod vert av befolkninga sett på som det same som å leggje ned lokalsjukehuset vårt”.
 
2.       Frå regjeringa si side er det slege fast at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og befolkninga skal sikrast nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod.
 
Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Helse Førde” står i motstrid til styringssgnal som er komne frå regjeringa. Nedlegging av fødetilbodet i Lærdal vil ikkje sikre dei fødande frå Årdal nærleik til tenestene.
 
3.      Årdal kommunestyre meinar at fjerning av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus vil medføre ei så vesentleg endring av tenestetilbodet at ei eventuell avgjerd om dette må takast av sjukhuseigar – dvs. regjeringa.
 
4.      Framlegg til ”Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorga”  legg til grunn at ”Helse Førde sin strategiplan 2010 – 2020” vert godkjend slik den ligg føre.
 
Årdal kommune meinar at det er særs uheldig at statlege helseforetak og staten som sjukehuseigar gjennomfører fleire parallelle prosessar.
·        Ein strategiprosess (Helse Førde) som i det alt vesentlege er økonomisk motivert og som eventuelt vil kunne medføre endringar i akuttfunksjonar og fødetilbod.
·        Ein planprosess for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Helse Førde som delvis er fagleg og delvis økonomisk motivert.
·        Om kort tid legg regjeringa fram Nasjonal helse- og omsorgsplan som i vesentleg grad vil fastlegge rammer, oppgåver og ansvar for dei kommunale helse- og omsorgstenestene i framtida
 
Slike parallelle prosessar set kommunane i ein særs vanskeleg situasjon.
 
5.      I framlegg til ”Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Helse Førde” omtalar Helse Førde Stortingsmelding 12(2008-2009) – ”En gledelig begivenhet”, men det vert ikkje gjort greie for Stortinget si handsaming av stortingsmeldinga (Innst. S. nr 240) og dermed heller ikkje for kva stortingsfleirtalet meinar. Dette er ein mangel ved planframlegget.
 
·        Stortingskomiteen slær fast at fritt sjukehusval også skal gjelde for fødande. Dermed kan ikkje Helse Førde rekne som sikkert at fødande frå Årdal vil velje å føde ved Førde Sentralsjukehus etter ei eventuell nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.
 
·        Stortinget har avgjort at jordmortenesta framleis skal vere eit kommunalt ansvar. Helse Førde har ikkje teke dette inn i framlegg til områdeplan.
 
6.      Frå 01.01.10 har helseforetaka fått ansvar for følgjeteneste for gravide. I planframlegget heiter det (sitat): ”Kven som skal ha ansvaret for vaktberedskapen med kvalifisert jordmor er, slik gruppa forstår det, enno ikkje heilt avklara”. Årdal kommune meinar at når ansvar for følgjetenesta er lagt til helseforetaka, så må dette innebere at helseforetaka også skal ha ansvar for vaktberedskapen.
 
Følgjeteneste med kvalifisert personell (jordmor) må samordnast med den øvrige sjuketransporten / ambulansetenesta (Jamfør Innst. S. nr 240 punkt 2.4), men Helse Førde si utgreiing gjev ikkje svar på vesentlege spørsmål som:
a)      Korleis skal følgjetenesta organiserast ?
b)     Korleis sikre jordmødre i følgjetenesta ?
c)      Korleis sikre logistiske utfordringar med omsyn til ambulansebilar og personell ?
 
Årdal kommune meinar at dette må avklarast før det eventuelt vert gjort endringar i fødetenesta ved lokalsjukehus. Det er ikkje fullgodt at (sitat) ”dette må ein i Helse Førde sjå nærare på”.
 
I og med at Helse Førde ikkje gjev fullgode svar på spørsmål a – c, vert det heller ikkje gjeve eit godt nok svar på korleis tryggleiken til dei fødande og retten til følgjeteneste skal sikrast dersom fødetilbodet i Lærdal vert fjerna.
 
7.      Helse- og omsorgskomiteen i Stortinget uttalar i Innst. S. nr. 240 følgjande: ”Komiteen er opptatt av å sikre en desentralisert og differensiert fødselsomsorg og mener fødestuer bidrar til dette” I innstillinga heiter det vidare at ein i planlegginga må ta omsyn til geografi, kommunikasjonstilhøve, struktur i lokal jordmorteneste og følgjeteneste.
 
Det er falitterklæring at ein i eit spreiddbygd fylke som Sogn og Fjordane ikkje ser seg i stand til å oppretthalde eit fødetilbod ved Lærdal sjukehus.
 
 
 
Tips ein ven Skriv ut