A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon fra Årdal bibliotek

Sommaren 2010 har vore travel på biblioteket. Mykje besøk, mange turistar og utflytte årdøler har vitja oss. Me har òg fått mange faste brukarar blant hyttefolket på fjellet som ofte kjem ned og låner bøker og anna. Ser ut til at små og store trivst godt i det nye biblioteket. Kjekt. I perioden 15. juni til 15. august har ein i snitt hatt 200 besøkande innom kvar opningsdag.

 

Barnehagar og skuleklassar

Barnehagar og skuleklassar er og hjarteleg velkomne til å vitje biblioteket utanom opningstida, men då er det fint om ein gjev beskjed nokre dagar på førehand.

 

Innlevering og utlevering av bøker på Årdalstangen

Me saknar tangingane i biblioteket. No vil me prøve å gjere tilgjenget til biblioteket noko betre ved at ein kan levere det ein har lånt i bokkassa i Tenestetorget på Rådhuset.

 

Ein kan og tinge bøker og anna frå biblioteket på bibliotek@ardal.kommune.no, eller på telefon

http://aardal.aleph.no/F

 

Her kan du og logge deg inn og sjå kva heimlån du har, fornye låna dine dersom det ikkje er andre som ventar på det du har, og du kan reservere og bestille bøker og anna. Du treng nummeret på strekkoden på lånekortet ditt og ein pinkode for å logge inn. Dette får du på biblioteket om du ikkje har det frå før.

 

Laurdagsope

Biblioteket har i 2010 hatt laurdagsope ein laurdag i månaden.

 

Følgjande laurdagar har me ope:

16. oktober 11.00 – 15.00

06. november 11.00 – 15.00

04. desember 11.00 – 15.00

 

Bruk biblioteket ditt!

 

57 66 54 55, og hente dette i Tenestetorget. Bøker og anna materiale som er tinga vert sendt ned til Tangen tysdags ettermiddagar, og kan hentast i Tenestetorget i løpet av følgjande veke.

 

Katalogen vår

Vil du sjå kva biblioteket har i samlinga si kan du søke i katalogen vår. Den finn du her:

Tips ein ven Skriv ut