 |
| Harald Stadheim er byggesakshandsamar i kommunen. |
Byggesaksavdelinga har fylgjande oppgåver
Informasjon om, og byggesakshandsaming av søknad om byggeløyve og føre tilsyn med at byggearbeid blir utført i samsvar med plan- og bygningsloven, vedtekter og forskrifter. Tenestene er retta inn mot tiltakshavar (byggherre)og ansvarleg søkar.
Skal du bygge nytt eller skal du bygge til eksisterande?
Skal du bygge nytt eller skal du bygge til eksisterande?
Fyrst må du finne ut om byggearbeidet du ynskjer å utføre krev at du søkjer om løyve. Etter dei siste endringane i plan- og bygningslova er det no ikkje noko som heiter meldesaker. Enten er tiltaket søknadspliktig eller så er det ikkje krav til søknad. Er du i tvil, bør du kontakte sakshandsamar for byggesaker.
Tiltak som ikkje krev søknad om løyve
Ein del mindre tiltaker er ikkje er søknadspliktige, men likevel må desse vere i tråd med reglane i plan- og bygningslova og vilkåra elles i området, bl.a. arealplanar (kommuneplan og reguleringsplan). Kommuneplan og reguleringsplanar finn ein på Sognekart.no. Tenestetorget vil også kunne hjelpe til med å gje informasjon om kommuneplan/reguleringsplanar.
Tiltak som krev søknad om løyve og som kan gjennomførast av tiltakshavar
Ein del av dei tiltaka som tidlegare var meldesaker er no søknadspliktige, men byggesaka kan likevel gjerast av tiltakshavar utan særskilte krav til godkjenning for ansvarsrett.
Større tiltak som krev søknad om løyve og ansvarsrettar
Søknaden må sendast inn, og arbeidet må utførast av føretak som kommunen kan godkjenne som ansvarleg søkjar, prosjekterande, kontrollerande og utførande.
Situasjonskart
Tiltaket må teiknast inn på situasjonskart i dei fleste sakene. Kart, planføresegner og naboliste får du ved å kontakte Tenestetorget.
Søknad om tiltak
Årdal kommune tek i mot elektroniske søknader sendt via ByggSøk Me tilrår at ein nyttar ByggSøk til å levere byggesøknaden. Systemet er utan utfylling av skjema og kontrollerer om søknaden er rett utfylt før den kan sendast til kommunen. Her vil du også finne rettleiing i utfylling i ByggSøk.
Gjennomføring av tiltaket
Når du har fått byggeløyve, kan tiltaket setjast i gang. Du sjølv og/ eller føretaket som har søkt og fått ansvarsrett, er ansvarleg for at arbeidet blir utført i samsvar med byggeløyve, samt i tråd med reglane i plan- og bygningslova.
Prisar på byggesakshandsaming - gebyrregulativ
Klageinstans i byggesaker er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Lover og retningslinjer