A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Budsjettet og økonomiplan vart ikkje godkjent av Fylkesmannen

Fylkesmannen har gått igjennom budsjett 2011 og økonomiplan 2011 - 2014 for Årdal kommune.

For å få driftsbudsjettet i balanse vart det lagt opp til å gjennomføre kostnadssparande tiltak i løpet av 2011. Dette godkjenner ikkje Fylkesmannen da innsparingstiltaka må vere konkret og lagt inn på budsjettpostane før godkjenning i kommunestyret.

Administrasjon skal førebu sak til formannskapsmøte 10. mai der det vert lagt fram forslag til revidert budsjett og økonomiplan som er i balanse.'

Fylkesmannen har sett frist til 1. juli 2011 for innsending av revidert budsjett og økonomiplan som er i balanse.

Tips ein ven Skriv ut