Budsjett 2017 - utlegging til ettersyn

Formannskapet har i dag vedteke utlegging av "Budsjett 2017" til ettersyn.
Høyringsfrist er sett til 13. desember 2016.

I medhald av kommunelova § 45.3 og § 11.1 og 11.4 i plan og bygningslova, skal framlegget frå formannskapet leggast ut til alminneleg ettersyn i minst 14 dagar før det vert handsama i kommunestyret.

Budsjett 2017 vert lagt fram i balanse, med avsetjing til fond og er gjort i samsvar med føresetnadane i forskrifter og lover.

Fsak 131/16 Budsjett 2017
Budsjettdokument 2017 - høyringdokument
Prisar, satsar og gebyr 2017

Merknader til budsjettet må vere oss i hende innan 13.12.2016 og kan sendast til;
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut