A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim»Tenester»Born og familie»BTI

Betre tverrfagleg innsats - BTI

Betre tverrfagleg innsats (BTI) er ein samarbeidsmodell som Årdal kommune nyttar i arbeidet med barn og unge det er knytt bekymring til. Ein handlingsrettleiar som sikrar involvering frå føresette og barnet/den unge, vert nytta i arbeidet. God flyt av informasjon, dokumentasjon og samordning av tenester vert vektlagt. 

Cx Stafettloggen er ein elektronisk logg som strukturerer saksgangen når ei bekymring oppstår. 

  • 1

Stafettloggen er ein elektronisk logg som følgjer ei bekymring/merksemd rundt eit barn. Loggen er barnet sin/den unge sin logg, han vert skriven i BTI møta (fungerer som eit møtereferat) og alle involverte har lesetilgang til loggen. 

For å hindre at det vert brot i oppfølginga, vert alle tiltak, målsettingar, avtalar, ansvarlege og fristar dokumentert i loggen. Det gir god dokumentasjon på kva tiltak som har vore prøvd ut og korleis desse er vurderte. 

Loggen vert oppretta berre etter samtykke frå føresette (eventuelt den unge sjølv dersom han/ho er over 15 år) og vert avslutta når bekymringa ikkje lenger er til stades. 
Sikker innlogging (brukarnamn og passord) vert tildelt i møtet. Føresette kan sjølv velje å avslutte loggen. 

For meir informasjon ta kontakt med barnehagen eller skulen din.

Tips ein ven Skriv ut