A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Brukarstyrt personleg assistent (Bu- og miljøtenesta)

Føremål med tenesta:
Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp til dei som har eit særskilt behov på grunn av funksjonshemming og som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen.
Brukaren kan ha rolla som arbeidsleiar og ta på seg større ansvar for organisering og innhald i forhold til sine behov. Tenesta vert knytt til personen, og vert gjeve etter det tall timar som kommunen har vedteke. Høve til å få brukarstyrt personleg assistanse er ikkje avgrensa til bestemte funksjonshemmingar eller diagnosar.

Kven får tenesta:
Personar som på grunn av funksjonshemming har rett på praktisk bistand i større grad kan søkje på tenesta. Det er kommunen som deretter tek ei vurdering av korleis hjelpetilbodet skal organiserast. Om det skal vere organisert som BPA eller om ein kan løyse hjelpebehovet med andre kommunale tenester. Dette er noko ein må gjere ei individuell vurdering av i saman med brukar.

Korleis få tenesta
Ein søkjer på kommunen sitt søknadsskjema. Dette kan ein få på tenestetorget eller hjå sakshandsamar. Ein kan også finne søknadsskjema på kommunen si nettside.
Kva omfattar tenesta
Den som vert innvilga BPA får vedtak på eit antal timar pr. veke/årleg. Den kan difor benytte desse timane til praktiske gjeremål eller andre ting ein treng bistand til innanfor desse timane. Tenesta er fleksibel og timane skal difor nyttast etter brukaren sine behov.
Forpliktingar for brukar
Oppgi alle personopplysningar samt syte for at opplysningane som vert gitt er korrekte.
Den som vert innvilga BPA er forplikta til å delta på kurs for arbeidsleiarar. Dette er eit kurs kommunen gjev økonomiske midlar til og som ein må ha dersom ein sjølv skal vere arbeidsleiar for sin/e tilsett/e. Kursa vert arrangert av RO og er for det meste lokalisert til Oslo, Bergen og Trondheim.
Kva kan eg forvente av dei tilsette:
• At du vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
• At du får forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
• At sakshandsaminga skjer på ein korrekt måte jfr. Forvaltningsloven.

Pris/kostnad/tilskotsordningar
Tenesta er vederlagsfri.
Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester §4-2, bokstav a.
Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med den måten du vert møtt på, bør du melde frå til leiar for spesialomsorg.

Klage
• Finn du grunn til å klage på vedtaket som er gjort, ta kontakt med sakshandsamar som kan hjelpe deg vidare i prosessen.
• Klagen må vera skriftleg og skal innehalde grunngjeving for klage. Den må sendast spesialomsorg innan fristen på klage som er tre veker.
• Dersom du ynskjer det kan du få hjelp frå sakshandsamar til å skrive klagen.
• Dersom spesialomsorg ikkje finn grunn til å endre på vedtaket går klagen til behandling i formannskapet i Årdal kommune. Viss dei ikkje endrar på vedtaket går det til fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.

Brosjyrar, anna/meir informasjon
Ein kan ta kontakt med sakshandsamar dersom ein har fleire spørsmål ang. tenesta.
Praktiske opplysningar
Søknad skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen