A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Borgarleg vigsel

Brurepar

Lovendringane medfører at borgarleg vigsel no vert overført frå tingrettane til kommunane. Ordførar og varaordførar har vigslerett etter lova.

Stortinget har nyleg vedteke lovendringar i ekteskapslova og planen er at endringane skal tre i kraft frå 1. januar 2018. 

Frå 1. januar pliktar kommunane seg til å ha eit kommunalt vigsletilbod for eigne innbyggarar og for personar som ikkje er busette i Norge. Av lovproposisjonen følgjer det at det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busette i kommunen for at plikta gjeld.
 
Kommunen kan velgje å tilby vigsle også for brudefolk busette i andre kommunar. Kommunene sitt alminnelege vigsletilbod skal vere gratis for kommunen sine eigne innbyggarar og for personer som ikkje er busette i Norge. 
 
Vi starter no førebuingane med å tilrettelegge for kor og når vigsle kan finne stad og kjem attende med meir informasjon så snart vi har det klart. Kommunestyret skal handsama sak om dette i oktober.
 
Spørsmål?  Ta kontakt med rådmann Olve Fossedal  på mail olve.fossedal@ardal.kommune.no eller telefon 99102850.
 
Førebuingane til lova finn du i Prop. 91 L (2016-2017), kapittel 3 og Innst. 376 L (2016-2017).
 
Rådmannen
Tips ein ven Skriv ut