A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Bli med på Sommarles!

 

 

sommarles

 

 

Bli med på Sommarles!

 

Årdal bibliotek er med på lesekampanjen Sommarles også i 2020.  Alle som skal begynne i 1. klasse og heilt opp til dei som er ferdige på barnesteget er velkomne til å vere med.  I fjor deltok 135 barn frå Årdal og me håper enno fleire blir med i år! Kampanjen blir avslutta med ein fest og teaterframsyning på biblioteket den 31. august.  Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

 

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

-  Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.

- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

- Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.

- Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.

 

 

Premiane ved Årdal bibliotek i 2020

·       Level 10 og 20: velg mellom spå og viskelær.

·       Level 30:  Smykke med ein stein frå sommarlesforteljinga

·       Level 40: Abaloneskjell 

 

NB: Berre born busett i Årdal kommune kan hente premiar ved Årdal bibliotek. 


Korleis melde seg på? 

Gå inn på http://www.sommarles.no​ og registrer bornet der.  Det er ikkje nødvendig med lånenummer, då bøkene som har blitt lese blir registert manuelt inne på sommarles.