A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

BlåsGrønt under Målrock 2018

Blås Grønt aksjon

Fredag og laurdag i tida kl. 24.00 - 01.00 for alle frå 9. klasse til 19 år.

Årdal ungdomsråd har sidan 2010 i samarbeid med Årdal Tenk Tryggleik, politiet og Stiftinga Målrock, hatt BlåsGrønt-aksjon i samband med Målrock.

Tiltaket ”Blås grønt” er eit ledd i eit større program (Handlingsplan for folkehelse pkt 1), der eitt av måla er å utvikle gode tiltak mot rus.

Ungdomsrådet vil oppmode ungdom til å halde seg edru og ta del i aksjonen. Dei håpar at ungdom ser og opplever at dei kan ha det gøy og vere ilag med andre utan at dei treng ty til alkohol. 
Nokon unge debuterer med alkohol denne kvelden og ungdomsrådet håpar at fleire kan velje å vere edru og utsetje debuten av alkohol.

Me tykkjer det er viktig å halde denne tradisjonen ved like og oppmuntre ungdommane til å vere rusfrie lengst mogeleg og gjerne gje nokon ei ”unnskulding” for å halde seg edru.

Ungdom i alderen 9. klasse til 19 år som og bles grønt blir ved loddtrekking vinnar av flotte PREMIAR!!!! 

 


 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut