A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Nye norske klassikarar

10. januar 2020

I Bokåret 2019 kåra litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen, Bjørn Ivar Fyksen, Merete Røsvik og Janneken Øverland dei 25 beste norske bøkene skreve mellom 2013 og 2017.

 

 

·     De usynlige av Roy Jacobsen, Cappelen Damm, 2013

·     Teori om det eneste. Bok I og Bok II av Nils Christian Moe-Repstad, Flamme, 2013 

·     Å, høye dag av Steinar Opstad, Kolon, 2013

·     Orgelsjøen av Øyvind Rimbereid, Gyldendal, 2013 

·     Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 av Dag Solstad, Oktober, 2013

·     Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux av Hanne Ørstavik, Oktober, 2013

·     Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen, Oktober, 2014

·     Magdalenafjorden av Kjartan Fløgstad, Gyldendal, 2014

·     Trilogien (Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd) av Jon Fosse, Samlaget, 2014

·     Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem, Oktober, 2014

·     Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi, Gyldendal, 2014

·     Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller, Aschehoug, 2014

·     Å resirkulere lengselen, avrenning foregår av Inger Elisabeth Hansen, Aschehoug, 2015

·     Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad, Gyldendal, 2015

·     Fra vinterarkivene av Merethe Lindstrøm, Oktober, 2015

·     Over elva av Laila Stien, Tiden, 2105

·     De urolige av Linn Ullmann, Oktober, 2015

·     For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen, Gyldendal, 2016

·     Havende av Gunstein Bakke, Oktober, 2106

·     Arv og miljø av Vigdis Hjorth, Cappelen Damm, 2016

·     Om våren av Karl Ove Knausgård,Oktober, 2016

·     Berge av Jan Kjærstad, Aschehoug, 2017

·     Vandreutstillinger av Cecilie Løveid, Kolon, 2017

·     Tung tids tale av Olaug Nilssen,  Samlaget, 2017

·     Penelope er syk av Ole Robert Sunde, Gyldendal, 2017

Filmar - nytt 2020

blir oppdatert når me får nye filmar til utlån i biblioteket

24. januar 2019

 

 

"The Post" med Meryl Streep og Tom Hanks

02. august 2018

Året er 1971, avisa er The Washington Post og spørsmålet er avsløring, eller ikkje avsløring, av amerikanske statsløyndommar. Over tre tiår, og med fire forskjellige presidentar i det kvite hus, vert det amerikanske folk systematisk ført bak lyset angåande USA si militære innblanding i Vietnamkrigen. Historia regjeringa fortel, er ei svært anna enn den papira fortel. 

Katharine Graham er eigaren av avisa. Ho arva avisa av sin mann som arva den av hennar far, og som kvinne i eit reint mannsdominert yrke, har ho noko å bevisa. Graham og hennar redaktør, Ben Bradlee, er under press og truslar frå høgaste politiske hald. Dei risikerer omdøme, karriere og fengselsstraff om dei trykker papira dei har fått tak i. Kva er det riktige valet? Er sanninga verdt det? Det er Katharine Graham si avgjersle. 

"Mirakel" av R. J. Palacio

05. juni 2018

August Pullman er ein gut på ti år. Han oppfører seg slik som dei fleste tiåringar, og han gjer ting som dei fleste tiåringar gjer. Xbox og Star Wars er blant anna ikkje ukjent for han, og han likar å spele fotball og ete is slik som andre unge gutar. Derimot er August født med ein genfeil, som gjer at han ser langt i frå «normal» ut.

Heile livet har August blitt opplært av foreldra i heimen med tanke på å beskytte han frå verda utanfrå, men no skal han byrje i femte klasse og alt forandrar seg. Nye ungar, ny skule og nye omgivnadar. Spørsmålet er om han blir akseptert, eller ikkje. Ein normal gut med eit unormalt ansikt inntar «Beecher prep school», og alt forandrar seg.

Mirakel er ei heilt fantastisk bok, som alle burde få med seg. Både vaksne og born. Ein kjem inn i verda til ein femteklassing med nokre få unntak, og ein ser kor stygge born kan vere mot kvarandre. Uansett er boka både varm og rørande, og han vil sitte att som ei bok som verkeleg forandrar deg.

 

Hålke

Hålke av Helene Uri

23. mai 2017

Fortellingen om øde

01. april 2017

Fortellingen om øde

"Raudlista handverksteknikkar" er på plass

11. april 2014

Hefte frå Sogn og Fjordane Husflidslag. Nesten alle lokallaga har bidrege til heftet, mellom dei Årdal Husflidslag. Heftet omhandlar truga handverksteknikkar i Sogn og Fjordane.

Her finn du om nupereller, sprang, tønnebøkring, båtrya, nålebinding, kipe, neverfletting, lagging, smettvev, pjoning, seising av garnkule, garnbøting, og ikkje minst blåhua frå Seimsdalen.

RAUDLISTA handverksteknikkar