A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Besøkjande til ÅBO, Årdal og Seimsdal sjukeheim

Det er sommar og ferietid og mange kjem på besøk til sine pårørande. Me ynskjer å minna om følgande reglar som gjeld for besøk på dei ulike institusjonane.

Årdal og Seimsdal sjukeheim: 
Det skal ringast til avdelinga og avtale besøkstid:
- Årdal sjukeheim 1.etg: 99486588, 2.etg: 41443029/99558039
- Seimsdal sjukeheim: Avd A: 45879343 og Avd B: 45879342

  • Dei som kjem på besøk må vera friske og ikkje vore i kontakt med personar som er sjuke.
  • Besøket skal så langt det let seg gjera gjennomførast utandørs eller i tilvist besøksrom.
  • Besøkande skal sprite hendene når dei kjem, halda minst 1 meter avstand og ikkje ha fysisk kontakt med den dei besøkjer.
  • Besøket vert avgrensa til 30 minutt, men ved behov for meir tid så kan du avtale dette direkte med avdelinga.
  • Personalet vil fylgja pasienten til avtala møtestad.
  • Dersom pasienten har behov for rullestol, skal personalet trille denne.
  • Besøkande skal gå rett til avtalt møtestad, og ikkje opphalda seg i andre rom enn det som er avtalt.
  • Besøkande må gje tilbakemelding til sjukeheimen om ein vert sjuk i løpet av dei første to dagane etter besøket.
  • Det vert ført besøkslogg med namn og telefonnummer, for å sikre smittesporing i etterkant. Denne vert makulert etter 10 dagar.

Korttidsavdelinga ÅBO:
Det skal ringast til avdelinga og avtale besøkstid tlf: 95125322

  • Dei som kjem på besøk må vera friske og ikkje vore i kontakt med personar som er sjuke.
  • Besøket skal vera inne på pasienten sitt rom, kan ikkje opphalda seg i fellesarealet.
  • Besøkande må sprite hendene når dei kjem, halde minst 1 meter avstand og ikkje ha fysisk kontakt med den dei besøker.

ALLE som er innom på ÅBO, både i korttidsavdelinga, leilighetar eller til behandling ol må skriva seg inn i besøksloggen som ligg ved inngangsdøra. Dette er for å sikre smittesporing i etterkant. Lista vert makulert etter 10 dagar.

Til informasjon har Årdal kommune ikkje gjeve unntak for karantenetida for utanlandske vikarar, slik regjeringa har gjeve høve til. Alle utanlandske vikarar som er i pleie og omsorg har vore 10 dagar i karantene før dei byrja å arbeide hjå oss.