A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Besøk på institusjonane i Årdal

Gjeld frå 6. januar.

Årdal kommune definerer bebuarane på sjukeheimane og kortidsavdelinga som einslege eldre. Det betyr at regelen om avgrensa sosial kontakt vil gjelde også for dei fram til 18. januar. 

Kvar bebuar kan ha besøk av ein eller to faste personar - eller ein fast familie/husstand i tida framover og så lenge dei nasjonale retningslinjene gjeld.
Hugs å ringe for å avtale tid.

Me ber og om at personar som har vore på besøk i områder med høgt smittepress eller har hatt besøk frå desse områda, ventar i 10 dagar før besøk på sjukeheimane og kortidsavdelinga.