A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim»Tenester»Born og familie»Barnevern

Barnevern

  • 1

Barnevernet i Årdal skal arbeide med førebygging, råd og rettleiing, hjelpetiltak, adopsjon og omsorgstiltak.

Barneverntenesta skal sikra barn og barnefamiliar rett hjelp til rett tid. Vidare skal tenesta bidra til at barn får trygge oppvekstvilkår. Barneverntenesta samarbeider med andre delar av det offentlege hjelpeapparatet. Tensta vert ytt til barn i alderen 0 – 18 år. I spesielle tilfelle, der ungdom sjølv ønskjer det, kan tiltak vare fram til 23 år.

Førebyggjande arbeid

Barneverntenesta samarbeider mellom anna med barnehage, skule, pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste (PPR), barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og helsestasjonen.

Råd og rettleiing

Barneverntenesta gir råd og rettleiing til andre hjelpeinstansar i kommunen som arbeider med barn og unge. Barneverntenesta gir og rettleiing til foreldre som ønskjer det i forhold til eigne barn. Barneverntenesta kjem inn i saker ved at foreldre tek kontakt, ungdom kontaktar oss eller saker vert meldt til barneverntenesta. Dersom der er nødvendig, kan barneverntenesta hjelpa brukarane med å ta kontakt med andre hjelpeinstansar både innanfor det kommunale hjelpeapparatet og til spesialisttenesta.

Hjelpetiltak

Barneverntenesta har ansvar for at barn og unge under 18 år, får den hjelpa dei treng til rett tid. Hjelpetiltaka barneverntensta set inn, er frivillige tiltak der foreldre/føresette er med på å finne fram til det som er best for barnet. Er barnet gamalt nok, og forstår kva saka gjeld, vert barnet teke med i arbeidet med å finne det rette tiltaket. Hjelpetiltak kan vere miljøarbeid i heimen, støttekontakt, barnehageplass, besøksheim, hjelp til samarbeid med heim/skule, tiltak ved barne- og ungomspsykiatrisk poloklinikk, opphald ved familiehuset osv. Barneverntensta er fleksibel i høve til kontortida. Ønskjer brukarane samtalar eller heimebesøk på ettermiddagen eller kvelden, vert dette gjort avtale om.

Omsorgstiltak

I spesielle saker der det er heilt nødvendig at barn får hjelp utan at foreldra ønskjer det, kan barneverntenesta kome med framlegg om tvangsvedtak. I tilfelle der slike vedtak vert gjort, er det ikkje den kommunale barneverntenesta som avgjer saka. Saka vert då handsama i fylkesnemnda for sosiale saker og avgjersla vert fatta der.

Søknad

Søknader kan sendast til: Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 ÅRDALSTANGEN.

Teieplikt

Alle som arbeider ved barnevernstenesta har teieplikt.

Klage

Søkjarar som meiner dei får dårleg handsaming frå barneverntenesta kan klaga. Klagen skal vere skriftleg og det bør gå fram kvifor det vert klaga og kva det vert klaga på.

Tips ein ven Skriv ut