A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Barnehagelærar i barnehagane

Barnehagane i Årdal kommune har behov for å tilsetja barnehagelærarar. Me har både faste stillingar og vikariat.
Søknadsfrist 14.04.2020.

 

Kvalifikasjonskrav
Til stillingar som barnehagelærar vert det krevd utdanning som barnehagelærar.
 
Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane er løna etter HTA.
Løn som barnehagelærar mellom kr. 410 000,- - kr. 505 000,-
Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 14.04.2020 Utlyst dato 20.03.2020 Vårref 1069
 
Kontaktperson
Solveig Hunshammer, Styrar i Einehaugen barnehage, tlf: 45879337, shu@ardal.kommune.no