A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage

Barnehage

Årdal kommune har 6 kommunale barnehagar, lokalisert med to på Årdalstangen og 4 i Øvre Årdal. Det er ca 11 kilometer mellom tettstadane. Kommunen har ingen private barnehagar i kommunen.

 

Årdal har full barnehagedekning, slik at alle som søkjer ved hovudopptaket og fyller eitt år innan utgangen av august, får tilbod om plass i kommunen. Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. februar, og kriterium for opptak ligg i vedtektene for barnehagane.  Ein kan søkje elektronisk (sjå under Sjølvbetening til høgre på denne sida) eller i papirform. Skjema får ein da på rådhuset på Årdalstangen eller på helsestasjonane.

Barnehagane i Årdal vil møte alle barn og foreldre med respekt og ta barn sine behov og tankar på alvor. Dei skal støtte barna si utvikling ut frå deira eigne føresetnader. Dei skal gje eit individuelt tilpassa og likeverdig tilbod, og skape meiningsfull oppvekst utan omsyn til funksjonsnivå, sosial, kulturell eller etnisk bakgrunn.

Barnehagen står for eit heilskapleg læringssyn, der ein ser omsorg og oppseding, leik, kvardagsaktivitetar og læring i samanheng. Ein legg vekt på Årdal si lokale historie og kultur, og bruker nærmiljø og natur aktivt for å gje ungane varierte opplevingar og erfaringar.

Dei tilsette i barnehagane ynskjer, i nært samarbeid med dei føresette, å vere med på å skape trygge og glade barn, som er godt rusta for å gå vidare i livet.

 

Tips ein ven Skriv ut