A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Barnehagane og skulane går attende til ordinær opningstid 2.juni.

Einehaugen barnehage

Regjeringa har letta på smittevernstiltaka og av den grunn går Årdal kommune attende til ordinær opningstid i barnehage og skule inkludert SFO frå og med tysdag 2.juni.

Lite smittespreiing gjer at det no er forsvarleg at heil avdeling i barnehagen og ein heil skuleklasse kan vere ein kohort. Dette gjer at det vert lettare å gjennomføre barnehage- og skulekvardagen, men den enkelte skule og barnhage må fortsatt ha godt smittevern. Sjølv om skulane og barnehagane går tilbake til ordinær opningstid vil ikkje situasjonen vere den same som før koronapandemien. Det vil difor vere nødvendig med lokale tilpassingar for den enkelte eining for at dagen skal vere tryggast mogeleg for barn, elevar, tilsette og føresette.

Dersom det er noko de lurer på kontakt din rektor eller styrar.

Du kan lese meir den nye situasjonen her.