A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Babyar engasjerte seg i fødesaka

Stor oppslutnad frå småbarnsmødre som engasjerer seg i fødetilbodet i Indre Sogn.
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4

Dei fleste sakene på første kommunestyremøte i dag var konstituering i ulike råd og utval.

Men ei sak utmerka seg;
Fødetilbod i Indre Sogn - høyringsuttale frå Årdal kommune.

Ved møtestart møtte det opp mange småbarnsmødre som ville visa sitt engasjement og støtte til saka.

Årdal kommune ynskjer at det vert etablert ei jordmorstyrd fødestove ved lokalsjukehuset i Lærdal. Ei slik etablering vil sikre eit desentralisert fødetilbod, ei god barselsomsorg og følgjeteneste i Indre Sogn. Kommunen vil inngå eit konstruktivt samarbeid for å få dette til.

Årdal kommune har tilsett jordmor i 100% stilling. Vedkomande dekkjer då kontrollar og vaktteneste (50/50).
Ved ei etablering av jordmorstyrd fødestove vil 50% av stillinga kunne inngå i vaktteneste ved fødestova. For å sikre kontinuitet og tverrfaglege samarbeid internt i kommunen ynskjer Årdal kommune at resterande 50 % stilling framleis skal vera kommunal stilling.

Årdal kommune meinar at vi med dette har synt både evne og vilje til å gjera vårt for at den jordmorstyrde fødestova skal bli realitet.

Ein av kommunestyrerepresentantane som gjekk opp på talarstolen var Marie Helene Hollevik Bransdal som og hadde med seg minste guten Lukas. Ho meinte det at Helse Førde ikkje hadde synt nok vilje til å få tak i jordmødrer. Helse Førde lyste nemleg ut den ledige jordmorstilling midt i ferieavviklinga.

Knut Arne Klingenberg meinte at, "hadde dei fått det til i Lofoten så måtte me og greia å få dette til i vårt helseforetak", denne beskjeden ba Knut Arne om at Ordføraren måtte ta med seg til på møte med Helse Vest.

Tips ein ven Skriv ut