A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Avlingsskade - tørke

landbruk_turke

Husdyra våre treng beite og fôr frå grøne marker.
Landbrukskontoret har alt motteke mange meldingar om reduserte grasavlingar. Alle som forventar avlingsskade grunna turke, må melde dette inn til kommunen snarast.

Grunna lite nedbør den siste tida er det forventa vesentleg lågare avlingar der det ikkje er tilgang på kunstig vatning.
Situasjonen er alvorleg for mange, og det er no viktig at det vert sett inn tiltak for å avhjelpe den oppståtte situasjonen.

Felles Landbrukskontor ÅLA oppfordrar alle som kan bidra med dyrking av grovfôr om å gjer dette, samt å stille ledige beiteareal eller anna areal til disposisjon for husdyrbrukarane.

Landbrukskontoret kan vidareformidle dersom du kan bidra.

Nasjonale myndigheiter har innført tiltak mot følgene av tørke og avlingssvikt. 

Det vert lagt ut fortløpande informasjon om avlingssvikt, fôrmangel og erstatning på Landbruksdirektoratet sine sider.

Landbrukskontoret kjem og tilbake med informasjon etter kvart, og me tek sikte på å ha informasjonsmøte om situasjonen i siste halvdel av august.
 
Har du spørsmål lokalt, ta kontakt med landbrukskontoret i ÅLA på telefon 57641200 eller landbrukssjef Magnhild Aspevik på telefon 47486550
epost: postmottak@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut