Avlastning for funksjonshemma
Det er er ei teneste som vert gitt til familiar og personar som har ei særleg tyngande omsorgsoppgåve. Formålet med tenesta er å gje omsorgspersonane naudsynt kvile, ferie og fritid. Avlastninga skal i størst grad organiserast slik familien ynskjer det. Det kan skje hjå privat avlastar eller i avlastningsbustad.
Kven får tenesta
Familiar som har barn med funksjonshemming kan søke om tenesta.
Korleis få tenesta
Ein søkjer på kommunen sitt søknadsskjema. Dette kan ein få på tenestetorget eller hjå sakshandsamar. Ein kan også finne søknadsskjema på kommunen si nettside.
Kva omfattar tenesta
Den som vert innvilga avlastning får eit vedtak med tildelte døgn pr. månad. Dette kan vere lagt til helg/kvardagar. Ein kan også få avlastning på kveldstid/natt alt etter kva som er behov og kva vurdering som er gjort frå kommunen. Avlastninga kan organiserast gjennom private familiar eller ein kan verte tilbydd avlastning i avlastningsbustad i kommunen.
Forpliktingar for brukar
Oppgi alle personopplysningar samt syte for at opplysningane som vert gitt er korrekte. Når barn skal i avlastning er det særs viktig at foreldre bidreg med opplæring av dei som skal vere med barnet. Foreldre har også eit medisinansvar for barn som nyttar medisin samt eit ansvar for at barnet har med seg naudsynte ting til avlastninga som klede og liknande.
Kva kan eg forvente av dei tilsette
At du vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
- At du får forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
- At sakshandsaminga skjer på ein korrekt måte jfr. Forvaltningsloven
Pris/kostnad/tilskotsordningar
Tenesta er vederlagsfri.
Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester §4-2, bokstav b
Når ting ikkje fungerer
Leiar for tenester for funksjonshemma er ansvarleg for tenesta.
Klage
- Finn du grunn til å klage på vedtaket som er gjort, ta kontakt med sakshandsamar som kan hjelpe deg vidare i prosessen
- Klagen må vera skriftleg og skal innehalde grunngjeving for klage. Den må sendast spesialomsorg innan fristen på klage som er tre veker
- Dersom du ynskjer det kan du få hjelp frå sakshandsamar til å skrive klagen
- Dersom spesialomsorg ikkje finn grunn til å endre på vedtaket går klagen til behandling i formannskapet i Årdal kommune. Viss dei ikkje endrar på vedtaket går det til fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Ein kan ta kontakt med sakshandsamar dersom ein har fleire spørsmål ang. tenesta
Praktiske opplysningar
Søknad skal sendast til Årdal kommune, pb 40, 6881 Årdalstangen
E-post: postmottak@ardal.kommune.no