Avlastning for eldre

Føremål med tenesta:

For å hjelpa personar som har behov for omsorg og pleie i ein kortare periode kan Eldreomsorga i Årdal kommune gje tilbod om avlastningsplass på institusjon.
 

Kven får tenesta:

Avlastning kan tildelast personar med ulike funksjonshemmingar og som er heimebuande.
Siktemålet med opphaldet er at familie som har den daglege omsorg skal få avlastning.
  

Korleis få tenesta:

Tenestetorget/kommunehjørna har søknadsskjema. Ein kan og få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu- og omsorgssenter. Søknadsskjema er lagt ut på internett.
Søknad skal sendast på eige skjema med underskrift av søkjar.
Seinast innan 3 veker vil det bli gjort ein fagleg vurdering av behovet.
Tildeling av plass etter fagleg vurdering skjer i inntaksmøtet som vert halde kvar veke.
Du vil snarast, og seinast 14 dagar etter inntaksmøte, få tilsendt vedtak.
Av vedtaket går det fram:
-         Om du har fått plass
-         Om søknad om avlastningsplass er avslått.
 
 Det er høve til å søkja på nytt dersom situasjonen endrar seg.
  

Kva omfattar tenesta:

Omsorg og fagleg kompetanse heile døgnet. Sjukepleiar er tilgjengeleg ved behov. Om ein sjukepleiar ikkje er på vakt, har kommunen eige bakvaktsordning for sjukepleiarar på institusjonane.
 
Etter fagleg vurdering av individuelle behov:
 
·        Hjelp til personleg hygiene og påkledning
·        Hjelp til å stå opp/leggje seg
·        Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk
·        Hjelp ved forflytting
·        Tilsyn og fagleg vurdering etter behov
·        Hjelp ved måltidssituasjonar
·        Daglege måltid: frukost, frukt/saft formiddag, middagsmat, kaffimat og kvelds. Ved behov tilrettelagt mat: Mosa mat, ulike diettar m.m.
·        Hjelp ved middagskvil for dei som ynskjer det
·        Hjelp ved kveldsstell og avkledning. Hjelp til å leggje seg
·        Vask av merka privat klede i institusjonen.
·        Hjelp ved ulike medisinske tiltak etter behov og ordinasjon frå lege som til dømes medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking, blodtrykkskontroll m.m
 
·        Kontakt med spesialist, helseteneste og tannhelsetenesta ved behov
·        Hjelp til planlegging og tilrettelegging ved utskriving til heimen
 
Etter ynskje:
·        Felles arrangement på institusjonen, trim, song, musikk
·        Formidle kontakt med familie
 
Avlastningsopphald vert tildelt for inntil 4 veker.

Kva kan eg forventa av dei tilsette:

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåver som skal løysast.
 

Pris/kostnad/tilskotsordningar/gebyr:

Tenesta er gratis
Medisin skal du sjølv ha med på avlastningsopphaldet.
Transport tur/retur avlastningsopphaldet kan de få dekt.
 

Når ting ikkje fungerer:

Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for institusjonar.
 

Søknadsfrist:
Ingen. Kan søkjast når behov oppstår.

 

Heimelsgrunnlag for tenesta:

Lov om sosiale tenester § 4-3 jfr. 4-2 punkt b
Forvaltningslova
 
Klage:
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for institusjonar tlf. 57 66 50 80. Her får du råd og rettleiing.
 
Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside
 

Praktiske opplysningar:

Einingsleiar for institusjonar tlf. 57 66 50 80
Avdelingssjukepleiar, Årdal sjukeheim tlf. 57 66 52 52

 

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS