A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Avgrensa høyring, detaljerte planar for miljø og landskap Indre og Ytre Offerdal kraftverk

avgrensa høyring ofredal

Formannskapet skal i møte tysdag 5. september gje tilbakemelding på avgrensa høyring.
Det vert, av utbyggar, no framlagt planar for miljø og landskap for anlegget. Planane er utarbeida av Multiconsult. Årdal kommune er einaste høyringspart.

NVE har gitt kommunen utsett høyringsfrist til 6. september.

Indre og ytre Offerdal kraftverk har tidlegare vore handsama i kommunen i k-sak 023/09, Ksak 060/12, k-sak 031/15 og f-sak 013/16. Vidare har ordføraren i eige brev til Olje- og energidepartementet bedt om at vilkåra i k-sakene, 060/12 og 031/15 vert tekne inn i konsesjonsvilkåra.

Vedtaka i K-sakene gav eit klart signal om at samfunnsnytte og bruk av massane er eit sentralt tema som må kome som ei følgje av utbygginga av Offerdal kraftverk. Ved gjennomgangen av planen som no ligg føre, er bruken av massar nesten ikkje til stades. Massane skal i hovudsak tippast på fjorden og lagrast i eit skjult massedeponi oppe i dalen. 

Rådmannen tilrår formannskapet at Årdal kommune opprettheld vedtaka i K-sakene 031/15 og 060/12 og vidare understreker følgjande: Massane må brukast og lagrast slik at dei best mogleg kjem samfunnet og anlegga til nytte.

Formannskapssak med vedlegg.

Tips ein ven Skriv ut