A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Avdelingssjukepleiar - 100% fast

Ledig stilling
Me har ledig 100% fast stilling som avdelingssjukepleiar med ansvar for heimesjukepleien sone 1(ÅBO) og Korttidsavdelingen på ÅBO, frå ca. 1.3.18. 
Søknadsfrist 29.01.2018.
 
Det er arbeid på dagtid. Samarbeider tett med avdelingssjukepleiar for utesona i heimesjukepleien (sone 2).
 
Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig anna sjukepleiarstilling. Skriv i søknaden om du i tilfelle vil vurderast.
 
Arbeidsoppgåver
Avdelingssjukepleiaren på ÅBO har ansvar for 24 fastbuande som bur i leilegheiter på ÅBO og 9 korttidsplassar som er 
lokalisert i 2. etg. på ÅBO.
 
Avdelingsleiar er den raude tråden i avdelingane og går med vakttelefonen for tenesta, har blant anna ansvar for 
følgjande:
 - Personalansvar
 - Turnus og bearbeiding av hjelpeturnusar og timelister
 - Innleige av vikarar ved korte og lengre fråver
 - Oversikt og oppfølging av budsjett for avdelinga
 - Oppfølging av  tenestemottakarar og pårørande og vurdering av tildeling av tenester. 
 - Ansvar for at rutinar og prosedyrar vert følgt opp på avdelingane.
 
Fagsystem: Minvakt, Gerica og Acos 
 
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar. 
 
Personlege eigenskapar
Søkjar bør :
- trivast i eit hektisk miljø
- vere god på logistikk og planlegging
- ha god diagnosekunnskap
- ha gode mellommenneskelege eigenskapar
- like arbeid med turnus og budsjett 
- ha gode datakunnskapar
- ha god informasjonsformidling
 
Det er ønskjeleg at søkjar har tidlegare leiarerfaring.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7021 med for tida lønsplassering kr. 563.000,- pr. år i 100%.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Må ha førarkort for bil.
Politiattest vil verte krevd.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no. 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 29.01.2018.
 
Kontaktperson
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut