A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Avdelingsleiar Psykisk helseteneste, 100% fast

Utvida søknadsfrist: 2. august

Ledig stilling
Me har ledig
100% fast stilling som avdelingsleiar for psykisk helseteneste.
 
Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for fag, økonomi, personale, HMT, turnus - og arbeidstidsplanlegging 
  • Ansvar for leiing og kvalitetsforbetring
  • Ansvar for utvikling av psykisk helseteneste og tilbod til ROP
  • Opplæring og rettleiing av medarbeidarar
  • Dialog med brukarar, individuell plan og oppfølgingsplan
  • Samarbeid med tildelingskontor
  • Samhandling med spesialisthelsetenesta
  • Oppfølging av eksterne tiltak
 
Me tilbyr
  • Høve til å vere med å vidareutvikle tenesta 
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonskrav
  • Minimum 3 årig helse - og sosialfagleg høgskule/universitetsutdanning
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er ei føremon
  • Klinisk erfaring innan psykisk helseteneste
  • Leiarerfaring eller vidareutdanning innan leiing
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
 
Personlege eigenskapar
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar
  • Du er løysingsorientert
  • Du er fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst og lojal
  • Du er strukturert og systematisk
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Må ha førarkort for bil.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Helga Timberlid Hundere, Leiar psykisk helseteneste, tlf: 90699752, helga.timberlid.hundere@ardal.kommune.no
Rigmor Svanberg, Tenesteleiar helse, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no