A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Avdelingsleiar Psykisk helseteneste, 100% fast

KORT søknadsfrist: 24.09.18

Ledig stilling

Psykisk helseteneste yter tenester til vaksne og barn/unge med psykiske lidingar og ROP innen lette, moderate og alvorlige lidelser. Psykisk helseteneste har i dag lågtersketilbod, oppfølging i bustad, bustad med dag/kveldsbemanning både som rehabilitering og varig butilbud. Psykisk helseteneste har fokus på tverrfagleg samarbeid og har tilsette med tverffagleg og høg kompetanse. Det er tett samarbeid med blant anna fastlege, NAV og spesialisthelsetenesta. Avdelinga er i ei spennande utvikling med rehabilitering av butilbod, vidareutvikling av psykisk helseteneste og tilbod til ROP pasientar.

Me har ledig
100% fast stilling som avdelingsleiar for psykisk helseteneste.

Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fag, økonomi, personale, HMT, turnus - og arbeidstidsplanlegging.
- Ansvar for leiing og kvalitetsforbetring
- Ansvar for utvikling av psykisk helseteneste og tilbod til ROP
- Opplæring og rettleiing av medarbeidarar
- Dialog med brukarar, individuell plan og oppfølgingsplan
- Samarbeid med tildelingskontor
- Samhandling med spesialisthelsetenesta
- Oppfølging av eksterne tiltak

Me tilbyr
- Høve til å vere med å vidareutvikle tenesta
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonskrav
- Minimum 3 årig helse - og sosialfagleg høgskule/universitetsutdanning
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er ei føremon
- Klinisk erfaring innan psykisk helseteneste
- Leiarerfaring eller vidareutdanning innan leiing
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar.
- Du er løysingsorientert
- Du er fleksibel
- Du er ansvarsbevisst og lojal
- Du er strukturert og systematisk
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Må ha førarkort for bil

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for bu og miljøtenesta, mobil: 90807056, marita.opheim@ardal.kommune.no
Helen Koldal, Kommunalsjef, mobil: 99018532, helen.koldal@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut