A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdølen Ketil Thorbjørnsen er nominert til årets fylkeskulturpris

Ketil Torbjørnsen - Verdsmannen

15 kandidatar til kulturprisen.
Fylkeskulturprisen vert kvart år delt ut til ein eller fleire personar, eit lag eller ein organisasjon frå Sogn og Fjordane som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege eller kreativitet og evne til nyskaping.

Desse er nominerte til fylkeskulturprisen 2017
•Teaterfestivalen i Fjaler/Torkil Sandsund/ Miriam Prestøy Lie
•Eirik Molnes Husabø
•Terje Rognsø
•Førde volleyballklubb
•Finn Loftesnes/Oddleiv Apneseth
•Geirr Vetti
•Helge Sunde
•Erlend Apneseth
•Jan Ketil Smørdal
•Reodor TV/Frode Steen/Daniel Dvergsdal
•Per Øyvind Sørbø
•Otto Søvik
•Ketil Thorbjørnsen
•Kristin Sønnerheim
•Arne M. Sølvberg/Asbjørg Hustveit Sølvberg

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kvart år dele ut ein fylkeskulturpris. Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i fylket. Kulturprisen kan gjevast til personar, lag og organisasjonar:
•som høyrer heime i fylket
•som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
•som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Ein vil særleg vere oppteken av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

For meir informasjon
Eva Kristin Svidal
Rådgjevar
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693

Bilde tatt av Lasse Aannevik

Tips ein ven Skriv ut