Avdelingane har ulike funksjonar for i best mogleg grad kunne ivareta pasientane sine ulike behov. Innan den generelle målsetjinga for sjukeheimen har avdelingane eigne målsetjingar som er tilpassa den pasientgruppa dei yter omsorg for.
Heimetenesta på Årdalstangen, produksjonskjøkkenet og fysio-/ergoterapi-tenesta har òg tilhald i bygget.
Målsetjinga til sjukeheimen er å:
- Gje kvalitativ god pleie og omsorg
- Utnytte brukarane sine ressursar både psykisk, fysisk og sosialt
Sjukeheimen vert driven etter modellen for primærsjukepleie. Dette tyder at pasientane i størst mogleg grad skal ha kjende personar til å hjelpa seg. Sjukeheimen tilbyr langtidsopphald, korttidsopphald, avlasting, dagopphald og nattopphald.
Pasientane ved sjukeheimen vert oppmoda om å ta med seg personlege eigendelar til å innreie romma med. Slik kan romma få eit individuelt og heimekosleg preg.
I tillegg til god pleie og omsorg får pasientane tilbod om:
- Andakt kvar tysdag
- Vitjing frå lag og organisasjonar
- Turar med omsorgstenesta sin minibuss
- Ergoterapi (trening på daglege aktivitetar, tilrettelegging av hjelpemiddel, osb)
- Fysioterapi (vurdering og trening av personar med nedsett funksjon)
- Felles trim
- Frisør (personellet hjelper til med timebestilling)
- Tannpleie
- Fotpleie
- Bøker frå biblioteket
Rehabiliteringsavdelinga
ligg i fyrste etasje i det ”nye” bygget. Her er det 15 plassar meint til rehabiliterings- og korttids-/avlastingsplassar. 9 av plassane er i einerom og 6 er dobbeltrom. 10 av romma har sovealkove. Tre av desse vert brukt som dobbeltrom. I tillegg tilbyr avdelinga dagopphald for inntil 4 brukarar.
Målsettinga for avdelinga er:
- Å rehabilitere brukaren til størst mogleg grad av eigenomsorg, dvs bli sjølvhjelpen
- Det langsiktige målet er at brukaren reiser heim att, eventuelt til trygde-/omsorgsbustad når ho/han er i stand til å klare seg der med hjelp frå heimetenesta i kommunen
Personalgruppa i avdelinga er tverrfagleg samansett og består av sjukepleiarar, hjelpepleiarar, anna pleiepersonell og aktivitør. Dei arbeider tett saman med fysioterapeut og ergoterapeut frå helsetenesta.I dei seinare åra har naudsynte prioriteringar innanfor tenesta ført til at mange av plassane ved avdelinga er blitt langtidsplassar.
Avdelinga har eigen avdelingssjukepleiar i tillegg til 3 sjukepleiarar, 10 hjelpepleiarar og 4 assistentar i turnus, totalt 11,5 årsverk.
År med liv. Sinnets tilstand, ikke tiden eller alderen avgjør hvor ung eller gammel du er. Vår oppgave er ikke å legge år til livet, men å fylle årene med liv. Med årene blir vi rynkete i huden, men det er bekymringene, tvilen, hatet og de tapte illusjonene som gir oss rynker i sjelen. Det er ikke årene, men bekymringene som bøyer oss til jorden. Om vi er sytten eller sytti spiller mindre rolle. Undringen over livet vil holde oss unge… (Myren J. Taylor)
Skjerma avdeling
ligg i andre etasje i det gamle bygget. Her har me 6 plassar for pasientar som treng særleg skjerming i høve sin demensutvikling, og 6 plassar for meir pleietrengjande pasientar. Personellet på avdelinga jobbar skiftvis i begge einingane.
Målsettinga for avdelinga er:
- Å skape eit mest mogeleg fullverdig liv for bebuarane ved å sette trivsel og tryggleik i sentrum
- Å oppretthalde det den einskilde kan/klarar av daglege gjeremål og dermed auke deira kjensle av meistring og gje eit positivt sjølvbilde
- Å lage avdelingane sine fellesrom så heimekoslege som mogleg for at bebuarane skal føle seg heime og trygge
Avdelinga har felles avdelingssjukepleiar med pleieavdelinga og i tillegg arbeider 2 sjukepleiarar, 10 hjelpepleiarar og 3 assistentar i turnus, totalt 10,8 årsverk.
Pleieavdelinga
ligg i andre etasje i det ”nye” bygget. Her har me 10 plassar for pasientar med eit stort pleiebehov og/eller terminalpasientar. Avdelinga har 11 pasientrom, og eitt av romma vert nytta som dobbeltrom. Sentralen for kommunen sine tryggleiksalarmar vert og i stor grad operert av dei tilsette på pleieavdelinga.
Målsettinga for avdelinga er:
- Å gje bebuarane best mogleg livskvalitet ut i frå eige funksjonsnivå, og syte for at ein får ein verdig avslutning på livet
- Å gje omsorg og støtte til bebuaren og dei pårørande
Dei tilsette ved avdelinga har lang erfaring med å møte pasientar og pårørande i ei vanskeleg tid. Avdelinga har òg høg kompetanse på stell og pleie av alvorleg og langvarig sjuke pasientar.
Avdelinga har felles avdelingssjukepleiar med pleieavdelinga og i tillegg arbeider 2 sjukepleiarar, 8 hjelpepleiarar, 1 omsorgsarbeidar og 2 assistentar i turnus, totalt 9,5 årsverk.
Terapibad:
På sjukeheimen finn du kommunen sitt terapibad. Her kan alle som har behov for det få eit velgjerande bad. Tenesta er gratis og badetida tingar du hjå Heidi Skeie, tlf. 57 66 52 81.