A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal godkjend som trafikksikker kommune

I dag fekk ordførar overrekt bevis på at Årdal er den første kommunen i fylket som vert godkjend som trafikksikker kommune. Begge skulane og alle barnehagane vart òg godkjend.
 

  • 1
  • 2

Trafikksikker kommune bygger på ei godkjenningsordning. At kommunen blir godkjend, betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulykker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik.

Årdal har eit systematisk og godt arbeid med Årdal Tenk Tryggleik.

Trafikksikker kommune kan gå inn i Trygge lokalsamfunn som trafikktryggingsdel med følgjande kriteria:

  • Kommunen har forankra ansvaret for trafikktryggingsarbeidet hjå ordførar og rådmann. Delansvaret kan ligge hjå den enkelte etatsleiar.
  • Kommunen har eit utval med ansvar for trafikktrygging.
  • Kommunen har innarbeidd trafikktrygging i HMS / internkontrollsystemet som inneheld reglar for reiser og transport i kommunen sin regi, og ved kjøp av transporttenester.
  • Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulykker og trafikkuhell (materiellskader) i kommunen.
  • Kommunen har ein trafikktryggingsplan som er forankra i fylket sin trafikktryggingsplan.
  • Planen har rutinar for rullering og rapportering. Planen ivaretek både haldningsskapande/- trafikantretta og fysiske tiltak.
  • Kommunen forpliktar seg til å jobbe systematisk med trafikktryggleik i fleire sektorar som HR, barnehage, skule, kultur, helse og veg.
  • Kommunen påverkar lag og foreiningar til å innarbeide reglar for trafikktryggleik i sin organisasjon.

Les meir på nettsida til trafikksikkerkommune.

Tips ein ven Skriv ut