A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal Energi sin vedlikehalds/utskiftingsplan

Informasjon om vedteken oppstart på graving på MOA.
Som ledd i Årdal Energi sin vedlikehalds/utskiftingsplan vil det i Januar / Februar sett i gang graving frå Trafokiosk K161 på Moa og fram til siste stolpe 2307. Sjå nærare orientering om prosjektet nedanfor.

Prosjektstart og gjennomføring
Årdal Energi ønskjer å starte arbeidet i Januar månad. Årdal Energi vil i Januar/Februar, starte med å skifte eksisterande infrastruktur på Moa med tilhøyrande område. Lågspentlinjer og kablar for veglys skal leggast ned i bakken. Varigheiteten av prosjektet vil vere til Mars.
I denne perioden vil det bli noko anleggstøy. Normal arbeidstid er frå kl. 07.15 til kl. 15.15
.
Ferdsel i området i anleggstida
I anleggsperioden vil det ikkje vere tilrådeleg å ferdast med motorkøyretøy i området eller parkere bilar, då dette vil hindra fri ferdsel for anleggsmaskiner og anna utstyr. Ein vil derfor oppmode om at bebuarar ikkje ferdast med eller parkera bilar i området i den perioden arbeidet varer.

Utkopling
Dersom det i løpet av anleggsperioden oppstår behov for mellombels å kople ut delar av nettet, vil dei abonnentar som vert råka av dette bli varsla særskilt eller gjennom media i rimeleg tid på førehand.

Om prosjektet
Grunnen til gjennomføringa av prosjektet er at Årdalsnett skal bygge ut fiber i området. Årdal Energi ønskjer i samband med dette å fjerna eksisterande luftleidningsnett og legge alt i bakken.

Årdal Energi oppmodar derfor at dei som blir berørte, vurdera å skifte/oppgradera hovudinntaka sine i samband med denne omlegginga.
Årdal Energi vil i samband med ombygginga ikkje belaste kundane for eventuelle til og frå kopling eller ny inntakskabel. Kundane er sjølv ansvarlig for å grave ned ny inntakskabel på eiga tomt.

Inngrep i privat eigedom
For nokre eigedommar kan det bli aktuelt å framføre lågspent kabel/leidningar til/inn på dei private eigedommane. Denne framføringa gjer det naudsynt å grave på privat eigedom, og me vil ta kontakt dei som blir berørt.
Vedtaket om graving på privat eigedom vil vere å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova, og som kan påklagast etter reglene i lova. Ein viser til den informasjon som vil bli gjeve i samband med synfaring på plassen, førehandsvarsel og vedtak.

Skånsam og effektiv gjennomføring
Årdal Energi har som målsetjing å gjennomføre prosjektet mest mogeleg skånsamt for våre kundar i området, og samstundes sikre effektiv framdrift slik at arbeidet snarleg kan ferdigstillast. Vi har von om at tiltaket skal vere til gagn for våre kundar, og ber derfor om forståing for dei ulemper arbeidet i ein avgrensa periode medfører.

Dersom De har spørsmål eller ønskje om ytterlegare informasjon, står Årdal Energi og Årdal Kommune til teneste.

Kartutsnittet under syner kvar grøfter er planlagt. Grøfter og kabel er rød strekar.
Årdal Energi - MOA.png

 

Tips ein ven Skriv ut