Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO)

Årdal bu- og omsorgssenter er ei tilrettelagt bueining for eldre
Årdal Bu- og omsorgssenter (ÅBO)
Årdal Bu- og omsorgssenter (ÅBO)
Bilde frå ei av leilegheitene
Bilde frå ei av leilegheitene
Felleskantine i 1. etasje
Felleskantine i 1. etasje

Årdal bu-og omsorgssenter ligg nær sentrum i Øvre Årdal.

Det var ferdig ombygd i november 1999 og innheld 28 husvære og 4 avlastningsrom. Det er 3 etasjer og fellesrom i alle etasjane. 

Årdal bu-og omsorgssenter (ÅBO) er ein del av open omsorg, og det vert gjeve tenester etter behov til dei som bur der. Open omsorg er delt i to soner, sone 1 som er ÅBO og sone 2 som er heimetenesta.
 
I fyrste etasje finn ein òg basen til heimesjukepleien i Øvre og heimehjelpsformidlar. 
 
Husværa er på ca. 55 kvm. og inneheld stove, kjøkken, soverom og bad. Dei er tilpassa funksjonshemma. 
Det er ikkje innskot, men månadleg husleige som òg inkl. oppvarming av husværet.
Straumutgifter til koking og klesvask kjem i tillegg.
 
I første etasje er det kantine som kan nyttast til felles aktivitetar.

 

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS