A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Arbeid på FV303 Årdalstangen - Seimsdalen

skilt-vegarbeid

Det vert asfalteringsarbeid på FV303 mellom Årdalstangen og Seimsdalen frå i kveld tysdag 10. oktober kl. 20.00.
I samband med arbeidet kan Seimdalstunnelen bli stengd i periodar på inntil 2 timar. Utrykningskøyrety slepp forbi.

Arbeidet vil starte i kveld 20.00 (tysdag) med fresing av tunnelen og etter planen skal det arbeidet vere ferdig i natt. Tunnelen kan bli stengd inntil 2 timar.

Neste veke startar arbeidet med asfaltering av parkeringsplass i Seimsdalen før det vert asfaltering i tunnelen.
Frå kl. 20.00 tysdag 17. oktober (natt til onsdag og torsdag) og fram til klokka 06.00 dagen etter vert det asfaltering i tunnellen. Tunnelen kan da bli stengd i inntil 2 timar. Trafikken vert sleppt forbi når dei startar arbeidet utanfor tunnelen. 

Hald deg oppdatert på Statens vegvesen sine vegmeldingar.

Tips ein ven Skriv ut