FRILUFTSLIV FOR ALLE – Eit turtilbod for funksjonhemma

Etter ein kjempe flott start og godt oppmøte ved førre tur, er det no tid igjen for neste tur i regi av DNT.
Her er alle velkomne; både brukar, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, frivillige, assistentar eller andre som ynskjer å bidra eller delta i lag med oss. Det er ingen påmelding, så det er berre å møte opp.
Neste tur vert onsdag 27.03.19 med oppmøte på Ytre Moa.
Det vil då bli ein naturbingo med poster og andre aktivitetar undervegs, det vert song og musikk, samt grilling av pinnebrød. Ta med deg drikke sjølv og kle deg etter været.

Arrangør: DNT/FTU OG ÅRDAL TURLAG
: Ytre Moa
Tid: onsdag 27. mars 17:30