A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon

Administrasjon

Dei kommunale tenestene er delvis organisert i ein flat struktur med 2 nivå med einingsleiarar og i ein struktur med tre nivå med tenesteleiarar som har ansvar for fleire einingar. Kvar eining har definerte oppgåver.

Leiarar av tenester og einingsleiarar har fullmakter som er fastsette gjennom delegeringsreglement og arbeidsavtalar.

Leiarar og einingsleiarar har:

  • personalansvar
  • ansvar for rekruttering/tilsetjing i ledige stillingar
  • det faglege og administrative ansvaret for tenesta

Innanfor tildelte råmer finn leiarar av tenester, einingsleiarane og medarbeidarane dei beste løysingane for brukarane sine.

Så langt råd er, skil ein mellom

  • einingar som arbeider med forvaltning, utøving av mynde og kontrollverksemd (forvaltningseiningar)
  • einingar som utøver tenester for innbyggjarane (utøvareiningar)

Organisering byggjer på at alle skal tenkje heilskap og leggje til rette for tverrfaglege løysingar når brukarane har trong for det. Medarbeidarane innan kvar eining høyrer til eit arbeidslag som har fullmakter frå einingsleiar slik at ein finn praktiske løysingar så nær tenestemottakaren som råd er.

Tenesteleiarane og einingsleiarane rapporterer til ein av kommunalsjefane.

Tips ein ven Skriv ut