A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Absolutt Per - Teater

08. mars 2012
  • 1

Årdalshallen
torsdag 8. mars kl 1900

Absolutt Per  sjå trailer til teaterstykke her

av Rolf Losnegård, Ola B. Johannessen og Bodil Kvamme
Absolutt Per er ein kabaret bygd kring musikken til Per Janke Jørgensen.

Bli med Jon Eikemo og resten av ensemblet på ei musikalsk reise gjennom SoFt og Per Janke Jørgensen si 35- årige historie i Sogn og Fjordane. Her får du eit kjært gjenhøyr med låtar og tekstar av mellom andre Jakob Sande, Norvald Tveit, Per Sivle og Rolf Losnegård.

Per Janke Jørgensen er komponist og musikalsk leiar ved SoFt. Han står bak musikken til svært mykje som er produsert ved teatret. Som Dei siste maksværingar, Kinnaspelet, Per Sivle- ein teaterkonsert, Sande-musikalen Storm frå Nordvest og mange, mange fleire.

Bakgrunn/meir informasjon om framsyninga
Framsyninga Absolutt Per er ein hyllest til Per Janke Jørgensen og det han har gjort for SoFt gjennom sine 35 år. Dette er ein kabaret der skodespelarane speler seg sjølve. Bakteppet for framsyninga er ein rutebilstasjon der skodespelarane ventar på bussen som skal ta dei med til Førde for prøvestart ved teatret. Men alle bussane er innstilte og medan dei ventar så prøver dei på ulike songnummer og begynner å «mimre» om ting som har skjedd opp gjennom åra.

Komponist: Per Janke Jørgensen
Dramturg: Bodil Kvamme
Scenografi og kostymedesign: Helge Hoff Monsen
Lysdesign: Trygve Andersen
Koreografi: Elin Høyholm
Skodespelarar/songarar: Jon Eikemo, Erik Wenberg Jacobsen, Martin Leines, Katrine Lunde Mackenzie og Madeleine Nilsen.
Musikarar: Oddmar Amundsen, Frank Jakobsen, Per Janke Jørgensen, Rolf Prestø, Per Arild Skorgen og Aage Vaksdal.

Billettsal og prisar
Alt billettsal startar 15. januar og alt sal er no elektronisk, også utanom dei store kulturhusa. Dvs. dei som har hatt manuelt sal tidlegare skal ikkje ha førehandssal lenger, alt sal går no via billettservice.

NB: At vi no går over til billettservice gir publikum høve til å kjøpe billettar på www.billettservice.no for å skrive ut heime, dei kan ringe 815 33 133 seinast fem dagar før speledato og få billetten tilsendt i posten, dei kan gå på postkontoret eller Narvesen kor som helst å kjøpe billettar der. Alt sal i døra blir gjort over same systemet via mobilt breiband.

Vaksen: 240 kr                                                                       
Student/honnør/firdakortet/gruppe (min 5)/scenekort/medlemmar BoiVest: kr 190,-
Billettavgift kjem i tillegg til prisane ovanfor.

OBS: Merk at vi har inngått rabattavtale med medlemmar av BoiVest. Dvs. ved å vise medlemsbevis kan dei få den rabatterte billetten til våre framsyningar. Fordelen vår er at våre framsyningar blir marknadsførte gjennom deira kanalar.

Tips ein ven Skriv ut