A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets årdøl, kulturprisen og ungdommens kulturstipend 2020

Har du forslag til «Årets Årdøl», kommunen sin kulturpris eller kandidat til ungdommens kulturstipend for 2020?

Da kan du sende grunngjeve framlegg innan 15. november 2020 til:
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, eller på epost til postmottak@ardal.kommune.no

Årdal kommune sin kulturpris

Årdal kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen vert gjeve til einskildpersonar eller organisasjonar som har tilknyting til kulturlivet i kommunen. Det kan vere på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller anna nærmiljøarbeid.
Vedvarande arbeid over fleire år, eller ein heilt spesiell innsats, kvalifiserer i særleg grad til prisen. 

Føremålet med prisen er å stimulera kulturlivet i kommunen ved å gje honnør for spesielt god innsats på området. Same personen kan berre unntaksvis motta prisen meir enn ein gong.

Årets Årdøl

Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år. Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte/profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen. 

Begge prisane er på kr. 5000,-.

Ungdommens kulturstipend

Ungdommens kulturstipend i Årdal kommune skal delast ut til ein ungdom eller gruppe/lag mellom 13 og 20 år som har markert seg med god ferdigheit eller fordjupning på eit område innanfor det utvida kulturbegrepet. Stipendet kan tildelast ein eller fleire ungdommar, ei gruppe/eit lag eller ein organisasjon  beståande av ungdom som er busett i eller har nær tilknytning til Årdal kommune. Ein er oppteken av at kulturstipendet skal vere stimulerande og motiverande til vidare satsing og utvikling av talentet til den/dei som får det. 
Stipendet er på kr. 15.000,-.
 

Retningslinjer kulturpris og årets årdøl

Retningslinjer ungdommens kulturstipend