A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal stenger ned

hygieneplakat_smitte_koronavirus (1)

Kriseleiinga har sett i verk fylgjande tiltak i samråd med nasjonale føringar gjeldande frå torsdag 12. mars kl. 16.00

Skular og barnehagar vert stengt.
Idrettshallar, treningsanlegg, symjebasseng, kino, ungdomsklubb, kulturskulen, vaksenopplæring og bibliotek vert stengt.

Alle kommunalt tilsette som ikkje er råka av karantenereglar skal møte på jobb som normalt.

Barnehage- og skuletilbod
Til tross for at regjeringa har sagt at skular og barnehagar vert stengd – skal kommunane gje eit omsorgstilbod til born frå og med 4. klasse og nedover for einskilde yrkesgrupper som ikkje greier å ordne barnepass sjølv. Kartlegging og tiltak for å gje tilbod til desse er no i gang og vil tidlegast vere klart måndag 16. mars. Eigen informasjon om dette vil bli lagt ut.

Karantene:
Det er sentrale føringar på at alle personar som har vore på reise utanfor Norden, med tilbakeverkande kraft til 27. februar, - må vere i karantene i 14 dagar.

Sosiale samlingar
Me oppmodar alle om å avgrense private, sosiale samankomster.

Reiser
Me oppmodar alle om redusere all reiseaktivitet ut og inn av kommunen. Dersom denne typer reiser er tvingande naudsynt – må ein unngå å bruke offentleg transport, store folkemengder og vise stor varsemd med tanke på smitte.

Legekontor og helsestasjon
I samband med forsøk på å hindre spreiing av koronavirus ber me deg tenkje gjennom følgjande:
Dersom det ikkje er akutt - kan du utsetje legetimen din?

Dette for å unngå at mange pasientar samlast samstundes på legekontoret / venterommet.

Ring oss gjerne dersom du manglar reseptar eller har andre spørsmål.

Informasjon frå helsestasjon

  • Alle sped- og småbarnskontrollar går som planlagt inntil vidare
  • Barseltreff blir avlyst
  • Alle leiker på venterom og kontor er fjerna
  • Svangerskapskontrollar går som planlagt
  • Ikkje møt opp til avtalte kontrollar dersom du eller barnet ditt er sjuk eller har sjukdomsteikn som forkjøling eller feber, er du usikker så ring på førehand
  • Ring ved spørsmål

Me har ikkje pneumokokkvaksiner (mot lungebetennelse). Det er strenge restriksjonar på kven som no får vaksinen. Dei som har grunnsjukdom som tilseier at dei skal ha vaksine må få resept hjå eigen lege.