A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal kommune har fleire ledige småstillingar

Ledig stilling.png
Helgestillingar på sjukeheimane, tilkallingsvikar i heimehjelp og BPA-tiltak, støttekontaktar og avlastningsheimar.

Helgestillingar på sjukeheimane:
Ønsker du arbeidserfaring innan helse- og omsorgsyrket? Er du nysgjerrig på kva yrket inneber, er du god med 
menneske og på utkikk etter ei deltidsstilling? 
Årdal kommune har ledige helgestillingar på 19%.
Det er turnusarbeid med arbeid 3 av 8 helgar.
Stillingane er midt i blinken for deg som er student (18 år og eldre).  Me kan tilby god opplæring, trivelege 
arbeidskollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver.  

Me ser etter deg som:
Ønsker arbeidserfaring innan helse og omsorg
Likar variasjon i arbeidet
Arbeidar godt sjølvstendig og saman med andre 
Er omgjengeleg og god med menneske
Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Me tilbyr deg:
Ein framtidsretta arbeidsstad med fokus på trivsel
Meiningsfulle arbeidsoppgåver som gjev eit godt grunnlag for vidare utdanning
Rullering av arbeidsoppgåver
Gode kollegaer



Tilkallingsvikar i heimehjelp og BPA tiltak
Er du på utkikk etter nye arbeidserfaringar? 
Om du ønsker å hjelpe den eldre generasjonen med å bu heime litt lengre og er ein god samtalepartnar som ser den 
einskilde sitt behov, då kan gjerne ei stilling som heimehjelp i Årdal kommune vere av interesse for deg! 
Me har ledig stilling som tilkallingsvikar både i heimehjelpa og for BPA-tiltak (brukarstyrt personleg assistent).  Me kan 
tilby god opplæring, trivelege arbeidskollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver.  

Me ser etter deg som:
Ønsker arbeidserfaring innan helse og omsorg
Likar variasjon i arbeidet
Arbeidar godt sjølvstendig og saman med andre 
Er omgjengeleg og god med menneske
Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Me tilbyr deg:
Ein framtidsretta arbeidsstad med fokus på trivsel
Meiningsfulle arbeidsoppgåver som gjev eit godt grunnlag for vidare utdanning
Gode kollegaer

Kvalifikasjonskrav:
Det er ikkje krav om formell utdanning for desse stillingane.
Personlege eigenskapar vert vektllagt.



Vil du vera støttekontakt og/eller avlastningsheim?
Årdal kommune søker menn og kvinner til oppdrag som støttekontakt/avlastningsheim.
Som støttekontakt og avlastar får du høve til å vera ein brubyggar som gjer kvardagen betre for andre menneske. Nokon 
treng hjelp til å koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Støttekontakten er den hjelparen som 
bidreg til ei meir meiningsfull fritid, noko å sjå fram til og gode minner. 

Kven kan bli støttekontakt og avlastar?
Du må ha fylt 18 år. Det er ein fordel om du disponerer bil. Det er ikkje krav om formell utdanning for å bli støttekontakt 
og avlastar, men personlege eigenskapar, ansvarsinnsikt og gode samarbeidsevner vert lagt vekt på. Du bør vera flink 
til å lytta, ha forståing for andre sine behov og reaksjonar, kunne sette grenser og ha eit ope sinn. Du vil få opplæring.
Du må kunne legge fram politiattest. 

Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane er løna etter Hovedtariffavtalen ( HTA ), mellom kr 155.- /pr. time - kr 208.- /pr. time
I tillegg får du dekka utgifter til køyring og enkelte andre utgifter.

Samtlege stillingar finn du på Ledige stillingar på heimesida vår.