A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal får nettbrett til institusjonane

Tangen Sjukeheim_225x180

I dag fekk Årdal kommune ei gladsak til dei eldre og pårørande på institusjonane våre. 

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane lanserte i går eit tiltak der kommunane skulle få nettbrett til aldersheimane.

Me hadde allereie samme morgon bestilt 6 nettbrett som skulle ut på Årdal sjukheim, Seimsdal sjukeheim og ÅBO - gleda var derfor stor når me fekk melding frå lokalavdelinga til Sparebanken Sogn og Fjordane at dei dekker kostnadane med desse.

Målsettinga er at desse er i full drift allereie neste veke og at det da skal bli lettare for pårørande å få kontakt med sine næraste.

Ei skikkeleg gladsak å gå inn i helgi med og Årdal kommune seier hjarteleg tusen takk.