A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Årdal bibliotek opnar torsdag 28. mai kl. 17.00

Torsdag 28. mai opnar vi dørene til lokala våre att.

I byrjinga vert opningstida redusert, og det vil kun vere høve til å levere og låne. 

Har du spørsmål, så kontakt oss på bibliotek@ardal.kommune.no

Opningstid frå og med torsdag 28. mai:

Tysdagar:     11.00 - 14.00

Torsdagar:    17.00 - 19.00

 

Fredagar: Utkøyring av  bøker til dei som tilhøyrer ei risikogruppe, eller som har nær familie som tilhøyrer ei risikogruppe.

 

I biblioteket må ein sjølvsagt no følgje smittevernsreglar, og ein kan ikkje vitje biblioteket dersom ein har symptom, eller skulle ha vore i karantene grunna reise.

 

Årsaka til at det tek litt tid er at vi ventar på smittevernutstyr. Noko som dessverre har lang leveringstid i desse dagar.

For at lånarane våre skal føle seg trygge vil alt materiale som kjem inn att til biblioteket bli sett i karantene før det kjem ut att i hyllene.

Vi ynskjer dykk hjarteleg velkomne attende til oss !

Fram til dess minner vi om Bookbites, Pressreader og Karanteket.no