A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Landbruk/Aktuelt

5,1 millionar til landbruket

Magnhild og Ove

Frå 1.1.2020 overtok kommunane forvaltning av Verdsarvmidlane og midlar til Utvalde kulturlandskap.

Sakshandsamar på Felles landbrukskontor ÅLA, Ove Feidje, og landbrukssjef Magnhild Aspevik, ser fram til å forvalte denne ordninga, og håpar å få inn søknadar på mange gode tiltak.
-Me har 4 millionar til disposisjon til tiltak som skal styrka landbruket i verdsarvområde, og 1,1 million til Utvalde kulturlandskap Lærdal, seier landbrukssjef Aspevik. 
-Verdsarvområde som me forvaltar er Vestnorsk Fjordlandskap – Nærøyfjordområde. Det er kommunane Aurland, Voss, Vik og Lærdal som har areal innanfor dette verdsarvområde. Søknadsportalen er klar til å brukast i Altinn, og me er klar til å ta imot søknadar.

Meir informasjon om ordningane kjem etter kvart. Om du har spørsmål ta kontakt me oss.