A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

5 stjerner på årets kvalitetsvurdering

DIFI har i dag offentleggjort resultat frå årets kvalitetsvurdering på offentlege nettstader.

  • 1

Resultata av kvalitetsvurderinga vart i dag offentleggjort på konferansen "Kvalitet på nett". Omlag 700 statlege og kommunale nettstader vert vurdert ut frå krav til tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald.

Den årlege kvalitetsvurderinga er eit viktig verkemiddel i arbeidet med å auke kvalitet og tilgjengelegheit på offentlege nettstader. Vurderinga måler status og set fokus på problemstillingar og områder som offentleg forvaltningsorgan og nettstader har eit særs ansvar for å følgje opp.

5 stjerner

Årdal kommune sin nettstad fekk i år 5 stjerner som er ein nedgang frå i fjor, da me lanserte den nye heimesida og fekk 6 stjerner.

Størst nedgang har me fått på kravet til tilgjengelegheit der me i 2010 fekk 93% og i vurderinga for 2011 gjekk ned til 75%. Vurderinga på brukartilpassing er stabil på 73% som er samme som fjorårets resultat. Nytting innhald har òg ein nedgang frå 83% i 2010 til 77% i 2011. Det gjev oss ein gjennomsnittleg nedgang frå 83% til 75%.

Tidlegare i år vart Årdal kommune kåra til beste kommune på tenester på nett. Kvalitetsvurderinga syner likevel at arbeid med offentlege nettstader må vere satsingsområde i det daglege arbeidet med å tilrettelegge for å gje innbyggarane våre ei god og nyttig heimeside.

Resultat frå DIFI sin vurdering av Årdal

 

Tips ein ven Skriv ut